Informasjon og kommunal samordning 2016

Oppgåver på tvers av fagavdelingane - Informasjon og kommunal samordningsstab

 

Samordningsstaben utfører ei rekke støtte-/servicefunksjonar for embetsleiinga og fagavdelingane i arbeidet med å utvikle og styrke Fylkesmannen sin samordningsfunksjon på regionalt nivå. Dette omfattar både fagleg samordning og kommuneretta samordning:

  • Gjennom fagleg samordning skal Fylkesmannen samordne enkeltsektorar og søke løysingar som ligg i skjeringspunktet mellom ulike sektorinteresser 
  • Gjennom kommuneretta samordning blir styringssignal samordna for å sikre lokalt handlingsrom og samsvar mellom oppgåver og økonomiske rammer

 

Viktige tema og oppgåver

Sentrale arbeidsoppgåver er knytt til intern og ekstern informasjon, plansamordning etter plan- og bygningslova, kommuneøkonomi og økonomistyring, tverrfaglege prosjekt og satsingar, interkommunalt samarbeid m.v.

Dette omfattar vidare arbeid med:

  • informasjons- og formidlingsoppgåver
  • samordning av statleg politikk retta mot kommunane
  • samordning av regionale og kommunale plansaker etter plan- og bygningslova
  • kommuneøkonomi og KOSTRA-rapportering
  • folkehelse
  • oppgåver knytt til saksbehandling og rapportering på tvers av fagområde og fagavdelingar

 

Oppfølging av tverrfaglege satsingsområde i embetet sin strategiplan: 

  • betre oppvekst 
  • kommunereform - nye kommunar
  • samordning av statlege motsegner til kommunale planar

Kontaktpersonar