To skolar er nominert

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har nominert Eidsvåg b/u skole og Midsund Montessoriskule til Dronning Sonjas skolepris 2019.

Dei to skolane går difor vidare i den landsomfattande konkurransen om å være best i landet på å praktisere likeverd og inkludering i skolekvardagen. Kriteria for å søke om prisen er mellom anna at skolen:

  • jobbar langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
  • praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar einskild elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverking, tryggleik og fellesskap

  • Er god på positive relasjonar mellom elvane og dei tilsette, elevane imellom samt eit godt samarbeid mellom skole og heim

Vi ønskjer dei to skolane lykke til vidare i konkurransen!