Kompetanse flyktninger

Brev  med invitasjon til å søke om midlar til kompetansetiltak knytta til mottak av flyktningar er no sendt ut til alle kommunane. 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått tildelt kompetansemidlar i høve mottak av flyktningar i alderen 6 - 18 år, ca 800 000,- . Vi inviterer difor kommunar i fylket til å søke om midlar for å auke eigen kompetanse innanfor området.

Søknaden skal bygge på eit lokalt fagleg behov for kompetanse innanfor tematikken. Midlane skal gå til kompetanseheving for skoleleiarar, lærarar og andre ressurspersonar som arbeider med opplæring og oppfølging av asylsøkarar og flyktningar i grunnskolen i aldersgruppa 6 -18 år.

Les meir i brevet til høgre. 

Søknadsfrist 25. oktober 2019.