Endring i forvaltninga av tilskott til leirskoleopplæring frå 01.01.2018.

Frå og med 2018 vil tilskott til leirskoleopplæring bli berekna på grunnlag av kommunen sin rapportering i GSI, punkt i7 og i8. Dette inneber at kommunen ikkje lenger skal sende søknad om tilskott til leirskoleopplæring, verken til Fylkesmannen eller til Utdanningsdirektoratet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.08.2018

Omlegginga er vedteken i Statsbudsjettet for 2018. Formålet med omlegginga er m.a. å forenkle kommunen sin søknads- og rapporteringsprosess. Utdanningsdirektoratet vil tildele midlar direkte til dei kommunane som oppfyller tildelingskriteria.

Slik blir tilskottet berekna

  • Leirskoleelevar i kommunen vil bli fordelte på grupper på 22 elevar for våren og hausten 2018.
  • Årsbudsjettet blir fordelt på talet på grupper som har gjennomført leirskoleopplæring og oppfyller krava i tilskottsordninga.

Ved GSI-registreringa pr. 1.10.2018 skal kommunane gje følgjande opplysningar om leirskoleopplæring:

  • Faktisk tal på leirskoleelevar våren 2018
  • Faktisk tal på leirskoleelevar hausten 2018
  • Prognose for tal på leirskoleelevar våren 2019

Utdanningsdirektoratet vil betale ut tilskott til kommunane i desember 2018.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om ordninga, lov og regelverk og tildelingskriteria på nettstaden til Utdanningsdirektoratet

Kontaktpersonar