Obligatorisk ferdigheitsprøve i symjing.

Frå skoleåret 2017/2018 blir det obligatorisk å gjennomføre en ferdigheitsprøve i symjing for elevar på 1.-4. trinn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.10.2017

Kunnskapsdepartementet har fastsett følgjande endring i forskrift til opplæringslova med verknad frå 1. august 2017:

Forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova § 2-4 nytt tredje ledd:

Elevar skal delta i ferdigheitsprøva i symjing slik denne er fastsett av departementet. Skoleeigaren skal sørgje for at dette blir gjennomført. Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev frå å delta i heile eller delar av prøva dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Slik tilrettelegging kan ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla som ligg til grunn for ferdigheitsprøva.

Frå Utdanningsdirektoratet:

Formålet med ferdigheitsprøva er å styrke symjeopplæringa slik at elevane har god symjedugleik innan 4. trinn.

Ferdigheitsprøva skal bidra til at

  • skolens symjeopplæring er i tråd med læreplanen
  • elevane får god undervegsvurdering som fremmar læring og meistring
  • lærarane kan  kartleggje læringsutbytte til elevane, justere opplæringa undervegs og      sette inn nødvendige tiltak på eit tidleg tidspunkt

Gjennomføring og fritak

Ferdigheitsprøva i symjing består av sju øvingar/delprøver som skal gjennomførast som ein del av et pedagogisk opplegg i opplæringa. Saman med kompetansemåla skal øvingane være ein del av undervegsvurdering. Det er ikkje hensikta at øvingane skal gjennomførast samla på slutten av 4. årstrinn. I tilfelle der det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita ein elev frå å delta i heile eller delar av prøva.

Skoleeigar sitt ansvar

Skoleeigarane har ansvar for at alle elevar gjennomfører ferdigheitsprøva i symjing, med unntak av elevar som får fritak frå prøva.

Skoleeigar har ansvar for at krava i opplæringslova og forskrift til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast, jf. § 13-10 i opplæringslova.