Korleis nytte resultata frå nasjonale prøver?

No er resultata frå nasjonale prøver på 5. trinn publisert og tilgjengelege i skoleporten.no

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.11.2018

Resultata frå gjennomføringa av nasjonale prøver på 8. og 9. trinn vart publisert 23. oktober. Skular og kommunar finn også resultata med meistringsprofilar i PAS-prøver.

 «Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.» (Udir.no)

Oppfølgingsoppgåver for skuleeigar, skoleleier og lærar:

Skuleeigar:

  • Skal følgje opp resultata på kommunenivå
  • Sjå til at skolane følgjer opp og brukar resultata
  • Vurdere om enkelte skolar treng særleg oppfølging.

Skuleleiar:

  • Følgje opp resultata i analyserapporten i PAS-prøver som ein del av forbetrings- og utviklingsarbeidet på skolenivå.
  • Legge til rette for at alle lærarar følgjer opp resultata i klassen.
  • Sørge for at elevane og foreldra får tilbakemelding om resultata, og at dette sjåast i samanheng med anna relevant vurderingsinformasjon

 Lærar:

  • Bruke resultata i tilbakemeldingar til elevar og foreldre for å fremme vidare læring.
  • Sjå resultata i analyserapporten i PAS-prøver i samanheng med anna informasjon om eleven.
  • Involvere elevane i arbeidet med resultata

(Frå udir.no)

For meir informasjon om korleis ein kan finne, analysere og bruke resultata frå nasjonale prøver sjå heimesida til udir.no. (link i høgre marg).

Frå og med hausten 2019 skal nasjonale prøver for 5., 8. og 9. trinn gjennomførast i ein felles periode i september. Perioden er satt til 2. september til 27. september (veke 36-39). Det er viktig at alle skolar lagar ein god plan for gjennomføring av prøvene i 2019. Sjå udir.no for meir informasjon, (link i høgre marg).