Korleis nytte resultata frå nasjonale prøver?

No er resultata frå nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn publisert og tilgjengelege i skoleporten.no og på udir.no/statistikk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.11.2019

Skular og kommunar finn også resultata med meistringsprofilar i PAS-prøver.

«Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.» (Udir.no)

Oppfølgingsoppgåver for skuleeigar, skuleleiar og lærar:

Skuleeigar:

  • Skal følgje opp resultata på kommunenivå
  • Sjå til at skolane følgjer opp og brukar resultata
  • Vurdere om enkelte skolar treng særleg oppfølging.

Skuleleiar:

  • Følgje opp resultata i analyserapporten i PAS-prøver som ein del av forbetrings- og utviklingsarbeidet på skolenivå.
  • Legge til rette for at alle lærarar følgjer opp resultata i klassen.
  • Sørge for at elevane og foreldra får tilbakemelding om resultata, og at dette sjåast i samanheng med anna relevant vurderingsinformasjon

 Lærar:

  • Bruke resultata i tilbakemeldingar til elevar og foreldre for å fremme vidare læring.
  • Sjå resultata i analyserapporten i PAS-prøver i samanheng med anna informasjon om eleven.
  • Involvere elevane i arbeidet med resultata

(Frå udir.no)

 

For meir informasjon om korleis ein kan finne, analysere og bruke resultata frå nasjonale prøver sjå heimesida til udir.no. (link i høgre marg).

 

Sendt som e-post til alle kontaktpersonar i kommunen og dei private skulane.