Fagdag fagfornyinga og fagdag vurdering - 19. -20. november 2019

Fylkesmannen inviterer saman med Utdanningsdirektoratet til ein fagdag om fagfornyinga og ein fagdag om vurdering.

Fagdag fagfornyinga


Nye læreplanar for grunnskulen skal vere klare i november 2019. I høve fagfornyinga skal det også i november publiserast ein ny digital visning av læreplanverket med integrerte støtteressursar. Som eit ledd i førebuingsarbeidet til skulane inviterer vi til ein fagdag om fagfornyinga og informasjon om nye læreplanar.

Dato: 19. november

Stad: Scandic Seilet, Molde

Målgruppe: Skuleeigarar, skuleleiarar, lærarspesialistar/lærarar, representantar frå UH-sektoren og PPT.

Påmelding og førebels program finn du på våre kurssider. Sjå link i høgre marg.

 

Fagdag vurdering


Som eit ledd i arbeidet med sluttvurdering og eksamen på grunnskulen vert tolkingsfellesskapet til lærarane satt i fokus. For å utvikle og sikre eit godt tolkingsfellesskap inviterer vi til ein fagdag med fokus på sluttvurdering og eksamen på grunnskulen.

Dato: 20. november

Stad: Scandic Seilet, Molde

Målgruppe: Skuleeigarar, skuleleiarar, lærarar og faglærarar på ungdomstrinnet / grunnskuleopplæring for vaksne, representantar frå UH-sektoren og PPT.

Påmelding og førebels program finn du på våre kurssider. Sjå link i høgre marg.

 

Invitasjon er sendt via digital sending til

  • Alle kommunar
  • Alle private grunnskular
  • Høgskulen i Volda