Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for sensur ved sentralt gitt eksamen i grunnskulen. Vi har også klagehandsaming på standpunktkarakterar. Førebels karakterstatistikk for eksamen og resultat av klage på standpunktkarakterar 2019 er no klar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.07.2019

 

Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2019 fått inn 40 klager på standpunktkarakterar frå elevar i Møre og Romsdal. Dei 40 klagene fordelte seg på 12 fag.
Det kom klager frå 16 skular, fordelt på 11 kommunar. Omlag 67 % av klagene er på karakterane 3 og 4, medan 22,5 % av klagene er på karakteren 5. Til saman 10 % av klagene var på karakterane IV, 1 og 2. Flest elevar klagar på karakteren i praktisk estetiske fag; Kroppsøving, mat og helse og kunst og handverk.
Fylkesmannen har i 42,5 % av klagene stadfesta vedtaket til skulen, og klagene har ikkje ført fram.

 

Skriftleg eksamen for grunnskulen i Møre og Romsdal våren 2019

Til eksamen i grunnskulen våren 2019 blei det vurdert og sett karakter på 4124 elevsvar frå Møre og Romsdal.
Resultata for Møre og Romsdal er litt over landsgjennomsnittet i norsk sidemål og likt med landsgjennomsnittet i matematikk. I engelsk og norsk hovudmål er resultata litt under landsgjennomsnittet.
Førebels karakterstatistikk er lagt ut på nettsida til Utdanningsdirektoratet. Sjå lenke i høgre marg.

Eksamen - Fag  

Snittkarakter
Møre og Romsdal

Snittkarakter
nasjonalt

Engelsk 10. årstrinn, skriftleg
Matematikk 10. årstrinn
Norsk hovudmål 10. årstrinn, skriftleg
Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftleg

3,6
3,6
3,4
3,3

3,7
3,6
3,5
3,1

 

Klage på karakterar ved skriftleg eksamen for grunnskulen i Møre og Romsdal våren 2019

Etter eksamen våren 2019 kom det inn klager på 35 eksamenskarakterar, 7 i engelsk, 2 i matematikk, 11 i norsk hovudmål, 7 i norsk sidemål og 8 klager frå elevar som hadde fritak frå norsk sidemål.
8 elevar fekk heva karakteren etter klagehandsaminga. Ein kandidat vart sett ned.
Eksamensklagene er behandla av klagenemnder frå andre fylke.