Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal 2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for sensur ved sentralt gitt eksamen i grunnskulen. Vi har også klagehandsaming på standpunktkarakterar. Førebels karakterstatistikk for eksamen og resultat av klage på standpunktkarakterar 2018 er no klar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.07.2018

 

Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen 2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 fått inn 44 klager på standpunktkarakterar frå elevar i Møre og Romsdal. Dei 44 klagene fordelte seg på 17 fag og orden/åtferd.
Det kom klager frå 22 skular, fordelt på 15 kommunar. Omlag 57 % av klagene er på karakterane 3 og 4, medan 26 % av klagene er på karakteren 5. Til saman 17 % av klagene var på karakterane 1 og 2. Flest elevar klagar på karakteren i kroppsøving (12), valfag fysisk aktivitet og helse (5), engelsk munnleg (3), mat og helse (3), norsk hovudmål (3) og tysk (3).
I 2018 er foreløpig 41% av klagene på standpunktkarakter ikkje tatt til følgje.

 

Skriftleg eksamen for grunnskulen i Møre og Romsdal våren 2018

Til eksamen i grunnskulen våren 2018 blei det vurdert og sett karakter på 4116 elevsvar frå Møre og Romsdal.
Resultata for Møre og Romsdal er likt landsgjennomsnittet i engelsk og norsk sidemål. I matematikk og norsk hovudmål er resultata litt under landsgjennomsnittet.
Førebels karakterstatistikk er lagt ut på nettsida til Utdanningsdirektoratet. Sjå lenke i høgre marg.

Eksamen - Fag  

Snittkarakter
Møre og Romsdal

Snittkarakter
nasjonalt

Engelsk 10. årstrinn, skriftleg
Matematikk 10. årstrinn
Norsk hovudmål 10. årstrinn, skriftleg
Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftleg

3,7
3,5
3,5
3,4

3,7
3,6
3,6
3,4

 

Klage på karakterar ved skriftleg eksamen for grunnskolen i Møre og Romsdal våren 2018

Etter eksamen våren 2018 kom det inn klager på 28 eksamenskarakterar, 7 i engelsk, 2 i matematikk, 9 i norsk hovudmål, 9 i norsk sidemål og 1 klage frå elevar som hadde fritak frå norsk sidemål. 7 av desse 28 elevane fekk heva karakteren etter klagehandsaminga med ein/to karakter. Dei 7 karakterane som vart sett opp fordelte seg på engelsk (2), norsk hovudmål (2), norsk sidemål (2) og fritak frå norsk sidemål (1). Ingen kandidatar vart sett ned. Eksamensklagene er behandla av klagenemnder frå andre fylke.