Eksamen og vurdering

På denne sida vil du finne informasjon om gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, samt om nasjonale prøver og kartleggingsprøver.

Vaksne som skal ta grunnskuleeksamen har felles førebuing, felles eksamen og felles sensur som i grunnskulen. Dei digitale prøvene i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar finn ein på sida til Kompetanse Norge.

Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.

 

27.03.2020

Alle eksamenar er avlyst

Med bakgrunn i koronapandemien har regjeringa 25. mars avlyst alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn for våren 2020. Alle skriftelege eksamenar i vidaregåande skule er og avlyst. Sjølv om eksamen er avlyst vil elevane få vitnemål.

14.02.2020

Skypemøte om eksamen 12. og 14.02.2020

Presentasjonen frå møta er no lagt ut.

21.01.2020

Informasjon om sentralt gitt eksamen i grunnskulen våren 2020

I vedlagte brev finn du informasjon om påmelding av elevar og forslag av fagpersonar i PAS-Eksamen. Periode for dette er 22. januar – 1. mars 2020. Vidare finn du informasjon om sensorskulering, fellessensur og skypemøte om eksamen.

15.11.2019

Elevundersøkinga haust 2019

Gjennomføringa skal skje i perioden 1. oktober 2019 til 3. januar 2020.

06.11.2019

Korleis nytte resultata frå nasjonale prøver?

No er resultata frå nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn publisert og tilgjengelege i skoleporten.no og på udir.no/statistikk.

13.09.2019

Fagdag fagfornyinga og fagdag vurdering - 19. -20. november 2019

Fylkesmannen inviterer saman med Utdanningsdirektoratet til ein fagdag om fagfornyinga og ein fagdag om vurdering.

11.07.2019

Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for sensur ved sentralt gitt eksamen i grunnskulen. Vi har også klagehandsaming på standpunktkarakterar. Førebels karakterstatistikk for eksamen og resultat av klage på standpunktkarakterar 2019 er no klar.

05.07.2019

Erfaringar frå eksamen i grunnskulen 2019 - Oppmannsrapportar

Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2019 er no publiserte. Rapportane gjeld for eksamensregion Møre og Romsdal.

13.06.2019

Nasjonale prøver hausten 2019

Hausten 2019 gjennomfører 5. og 8. og 9. trinn nasjonale prøver på same tid for første gang.

06.06.2019

Klage på standpunktkarakterer 2019

Fylkesmannen har gått over til digital sending. Det digitale system opnar ikkje for direkte sending til skulane og vår kontakt må dermed rettast til kommunen. Den nye rutinen gjeld når Fylkesmannen svarar på klager på standpunktkarakter.

Fleire nyhende


Klage på standpunktkarakter

Aktuelt skuleåret 2019/2020

19. november 2019:
Fagdag fagfornyinga

20. november 2019:
Fagdag vurdering

12. februar 2020:
Skypemøte om eksamen
for region Nordre og Søre Sunnmøre

14. februar 2020:
Skypemøte om eksamen
for region Nordmøre og Romsdal

5. juni 2020:
AVLYST:
Sensorskulering grunnskulen

17. juni 2020:
AVLYST:
Fellessensur grunnskulen