Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Fylkesmannen har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Fylkesmannen rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Fylkesmannen skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Fylkesmannen. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til fylkesmannen

Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.

 

Vis meir


29.11.2018

Konferansedagar for Den kulturelle skulesekken

Vi inviterer til konferansedagar for Den kulturelle skulesekken. Dette er et samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, SEANSE og Kulturtanken.

31.10.2018

Fagfornyinga

Dei første skissene til nye læreplanar for grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande er no klare. Utdanningsdirektoratet ønsker innspel på om dei er på rett veg – Frist 14. november.

20.08.2018

Svømmeopplæring til nykomnne minoritetsspråklege

Det er framleis ledige midlar det kan søkast om. Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elevar kan no søkje Fylkesmannen om tilskott til svømmeopplæring for desse.

15.08.2018

Har DU ein kandidat til Dronning Sonjas skolepris i 2018?

Ny og absolutt frist: Mandag 27.august 2018! Fylkesmannen skal nominere og ber om forslag til skolar som tek likeverd og inkludering på alvor i Møre og Romsdal. Skolen treng ikkje vere «perfekt» for å bli nominert.

08.08.2018

Nytt til skulestart 2018

På Udir sine sider kan du finne kva som er nytt til skulestart hausten 2018.

08.08.2018

Endring i forvaltninga av tilskott til leirskoleopplæring frå 01.01.2018.

Frå og med 2018 vil tilskott til leirskoleopplæring bli berekna på grunnlag av kommunen sin rapportering i GSI, punkt i7 og i8. Dette inneber at kommunen ikkje lenger skal sende søknad om tilskott til leirskoleopplæring, verken til Fylkesmannen eller til Utdanningsdirektoratet.

16.03.2018

Invitasjon til NAFO's skoleeiernettverk

NAFO arrangerer nå et Skoleeiernettverk i Oslo, mandag 9. april 2018. Alle fylkeskommunale og kommunale skoleeiere er velkomne!

13.03.2018

Godkjenning av vidareutdanning for lærarar 2018 - viktig informasjon

Kommunane er i desse dagar i gang med å godkjenne søknader om vidareutdanning for lærarar som har søkt via Udir sine sider.  Frist for godkjenning frå kommunen er 15. mars. I den forbindelse har vi nokre viktige punkt som vi ønsker at de bør ha ekstra fokus på:

13.02.2018

Skoleleiarkonferansen TRYGG SKOLE

Skoleleiarkonferansen TRYGG SKOLE blir arrangert 19. april på Scandic Parken i Ålesund. Påmeldingsfrist er 15. mars.

06.02.2018

Vidareutdanning i skulen 2018

Søknadsystemet er no opna for å søke vidareutdanning for lærarar, lærarspesialistutdanning og retorutdanning. Søknadsfrist 1. mars.