Korleis kan du få hjelp når du ikkje har det bra på skolen?

For å få hjelp til å få det bra på skolen, er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Dersom du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelje at du blir mobba eller plaga, er du ikkje aleine. Det er heilt normalt. Men det å halde det inni seg hjelper ikkje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.08.2017

Sei i frå tidleg

Det er viktig at du seier i frå tidleg, slik at skolen og andre vaksne kan hjelpe deg før det blir enda verre. Dei vaksne skal ta deg på alvor og hjelpe deg til å få det bra på skolen.

 

Kven kan du ta kontakt med på skolen?

Det finns ingen reglar for kven du skal snakke med. Det viktigaste er at du fortel det til nokon, ein du føler deg trygg på. Det kan til dømes vere kontaktlæraren din, sosiallærar eller rådgivar, rektor eller andre vaksne på skolen. Du kan også snakke med helsesøster.

Foreldra dine kan vere viktige støttespelarar og vere med deg når du skal snakke med skolen. Det er heilt greitt at foreldra dine eller andre du stoler på kan snakke med skolen for deg.

Dersom du opplever at dei som jobbar på skolen ikkje tek deg på alvor, kan du kontakte Statsforvaltaren i det fylket du bor i. Statsforvaltaren er både ein person og eit kontor som mellom anna skal passe på at skolen hjelper deg om du ikkje har det bra på skolen.

 

Kva skjer om du blir mobba av ein som jobbar på skolen?

Dei vaksne som jobbar på skolen skal ikkje mobbe deg. Dersom du blir opplever at du blir det, kan du fortelje det til ein vaksen på skolen som du stoler på. Da skal han eller ho seie i frå til rektor. Rektor skal då melde dette vidare til skoleeigar. 

Tilbake

  

Kjelder:

nullmobbing.no
Rundskriv Udir - 3 - 2017