Nasjonal bemanningsnorm i barnehagen er vedteken

Stortinget har vedteke ei nasjonal bemanningsnorm for barnehagar.  Norma skal innførast 1. august 2018, men det vert lagt opp til ei overgangsordning fram til 1. august 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.07.2018

Stortinget har vedteke endringar i barnehagelova. Det er vedteke eit krav til grunnbemanning som inneber at det minimum skal vere ein tilsett per tre barn under tre år og ein tilsett per seks barn over tre år. Kravet om minimumsbemanning skal vere oppfylt frå 1. august 2019.

Det er også vedteke ei plikt for barnehageeigar og skoleeigar til å samarbeide om overgangen frå barnehage til skole og SFO.

Vidare er det vedteke eit krav om dokumentasjon av norskferdigheiter for å bli tilsett som styrar eller pedagogisk leiar i barnehage, og tilbodet i barnehagen til barn med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon er gjort tydelegare i lova.