Endring i forskrift om pedagogisk bemanning i barnehagen

Frå 1. august 2018 blir pedagognorma i barnehagen skjerpa. Den pedagogiske bemanninga i barnehagen er fastsett i forskrift om pedagogisk bemanning § 1.

Barnehagen skal ha minst ein pedagogisk leiar per sju barn under tre år og ein pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Eitt barn til utløyser krav om ei ny fulltidsstilling som pedagogisk leiar. Barn vert rekna for å vere over tre år frå og med august det året dei fyller tre år.

Styraren si tid til administrasjon og leiing skal ikkje reknast inn i norma for pedagogisk bemanning.