Du og eg - barnehagekonferansen 2018

Scandic Parken i Ålesund 1. og 2. november - Fagleg møteplass for 500 barnehagelærarar

-Kva barn lærer av vaksne er i stor grad avhengig av kva relasjon det er mellom dei. Tenkjer barnehagelæraren over kor viktig han er? Spør assisterande utdanningsdirektør, Maren Ørjasæter Aaland.

-Å arbeide i barnehage handlar om å vere klar over korleis ein påverkar barna. Det er viktig å reflektere over om eiga atferd hemmar eller fremmar barnet si utvikling, held Ørjasæter Aaland fram.

Fylkesmann Lodve Solholm opnar den populære barnehagekonferansen som torsdag og fredag samlar meir enn 500 barnehagelærarar i Ålesund.

 

Den viktige barnehagelæraren

  • Barnehagelæraren legg kvar dag til rette for at barna utviklar positiv sjølvkjensle. 

  • Barnehagelæraren rettleiar kvar dag barna til å takle opp- og nedturar. 

  • Barnehagelæraren støttar kvar dag barna i å stå opp for seg sjølv og andre. 

På konferansen drøftar vi korleis den medvitne barnehagelæraren hjelper barna til å handtere livet!

  

Frå programmet

Hedvig Montgomery

er utdannet psykolog fra Universitetet i Oslo og har fordypning i familieterapi. Siden endt utdannelse har hun arbeidet med både enkeltpersoner og familier med behov for hjelp og veiledning, samt holdt kurs og foredrag i ulike sammenhenger for å hjelpe familier med å forebygge problemer. Montgomery har bidratt som spaltist i ulike dagsaviser og på andre måter bidratt med psykologisk kunnskap i det offentlige rom.

Konferansebidrag:  Livsmestring – å bygge en grunnmur i barnehageårene

 

Roar Amdam

professor i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Amdam har bygd opp og leiar høgskulens mastergradsprogram i samfunnsplanlegging og leiing. Han har publisert ei rekke artiklar og fleire bøker innanfor planlegging og utvikling. Sentrale omgrep i hans forsking er instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, kollaborativ planlegging, læring og innovasjon, samt legitimitet. Det gjennomgåande temaet er korleis planlegging blir brukt, og kan brukast som reiskap for å fremme ønska utvikling i organisasjonar og samfunn.

Konferansebidrag: Frå samordning til samskaping – planlegging, leiing og læring i barnehagar

 

Turi Pålerud

er barnehagelærer og fagpedagog. Hun har jobbet i barnehage, i barnehagelærerutdanningen og er for tiden politisk rådgiver i Utdanningsforbundet. Hun er også skribent med en master i faglitterær skriving, og har skrevet bøker og artikler for barnehagefeltet.

Konferansebidrag:  Vi må vise fram det usynlige.  Om barnehagelærerens lærerrolle

 

Sigrid Sollund

er forfattar og utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. Ho arbeider som programleder i Dagsnytt atten i NRK, og har skrevet bok om herske-teknikker. Her handler det mye om makt og relasjoner, strukturelt og mellommenneskelig. Hvordan hersker vi ubevisst over andre, hvordan oppdager vi at noen hersker over oss, og hvordan kan vi verge oss mot det?

Konferansebidrag:  Hersketeknikker

 

Kjetil Børhaug

professor og statsvitar med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Han disputerte ved UiB på ei avhandling om utdanning og politisk sosialisering. Børhaug har vore tilknytta Christian Michelsens Institutt, Høgskulane i Lillehammer og Bergen, og er i dag tilsett ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB. Han leier ekspertgruppa som utgreier barnehagelærarane som profesjon. Leiing i møte med styring, konkurranse, endra organisatoriske rammer og utvikling har vore viktige tema i forskinga hans.

Konferansebidrag:  Barnehagelærarrolla som profesjonsrolle 

 

Maren Ørjasæter Aaland

assisterande utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Konferansebidrag:  Aktuelt i barnehagesektoren

 

Panelsamtale

med Gerd Sylvi Steinnes, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Silje Ims Lied, instituttleiar ved institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda, og John Roald Pettersen, journalist.

Profesjonsstemma i Møre og Romsdal

  • tenkjer vi over kor viktige vi er?