Barnehagekonferansen 2019

Barnehagekonferansen 2019 i Møre og Romsdal vart arrangert 31. oktober og 1. november i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivå, tilsette i PPT og høgskuletilsette.

Fagleg innhald

Ifølgje rammeplan for barnehagen er samfunnsmandatet å ivareta barna sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling. Leik, omsorg, læring og danning skal vi sjå i samanheng. Barnehagelæraren står i eit krysspress frå ulike kantar med motiv og ønskjer som ikkje alltid let seg foreine. Som barnehagelærar må ein difor flette trådar med omhu. Trådar i kryss, over og under kvarandre. Trådar mellom barn, barnehage, profesjon og  fagområder.

Barnehagen skal ha ei heilheitleg tilnærming til læring, men frå omverda kan det vere forventningar om heilheitleg læring. Det første viser til barnehagelæraren si tilnærming til barna sine læreprosessar, og den andre viser til barnet si læring. Barnehagen arbeider prosessorientert utan læringsutbyttebeskrivingar. Læring skjer i prosessar der omsorg, leik og danning er integrert i kvarandre gjennom heile dagen.

Barnehagen skal vere ein lærande organisasjon, vi skal i kollektive læreprosessar innovativt skape ny praksis som fører til endringar.  Korleis skal barnehagelæraren i dette krysspresset ta vare på samfunnsmandatet i barnehagekvardagen?