Barnehagekonferansen 2018 "du og eg"

Den årlege barnehagekonferansen i Møre og Romsdal vert arrangert på Scandic Parken i Ålesund 1. og 2. november.

Konferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og
Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.  

 

Kva barn lærer av vaksne er i stor grad avhengig av kva relasjon det er mellom dei. Tenkjer vi over kor viktige vi er? Å arbeide i barnehage handlar om å vere klar over korleis vi påverkar barna. Fremmar eller hemmar åtferda mi barnet si utvikling?

 

Gjennom leiken utviklar barna seg og tar til seg det dei treng for å meistre livet.

 

  • Som barnehagelærar legg eg kvar dag til rette for at barna utviklar positiv sjølvkjensle.
  • Som barnehagelærar rettleiar eg kvar dag barna til å takle opp- og nedturar.
  • Som barnehagelærar støttar eg kvar dag barna i å stå opp for seg sjølv og andre.

 

Kom til barnehagekonferansen 2018, du og eg

 

Bli med og drøft korleis den medvitne barnehagelæraren hjelper barna til å handtere livet!