Barnehage

Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som gir barn gode høve for leik og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Utanom foreldrebetalinga er det kommunane som er ansvarlege for å finansiere barnehagane.

Fylkesmannen rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.

Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.

Vis meir


10.04.2018

Kompetansemidlar til ikkje-kommunale barnehageeigarar

Det nasjonale prøveprosjektet er vidareført, og ikkje-kommunale barnehageeigarar som har barnehagar i meir enn ein kommune kan søke om midlar.  Søknadsfrist er 4. mai 2018.

06.02.2018

Vidareutdanning for barnehagelærarar 2018

Søknadsfrist er 1. mars!

29.01.2018

Regionale møte med kommunane

Dei årlege regionale møta er under gjennomføring og vi inviterer til dialog om sentrale tema.

18.01.2018

Svømming i barnehage 2018

Tilskot til svømming i barnehagar 2018 - søknadsfrist 1. april.

10.01.2018

Implementering av ny rammeplan, regionale samlingar

Det blir halde regionale samlingar om implementering av ny rammeplan 13. og 14. februar 2018.

23.11.2017

Fagdag for barnehage og skule 16. november 2017

Presentasjonane frå fagdagen (May Britt Drugli) er no lagt ut.

15.11.2017

Barnehagekonferansen 2017

Lysark frå Barnehagekonferansen 26. og 27. oktober 2017 på Scandic Parken i Ålesund finn de på heimesida til Utdanningsforbundet her og på vår heimeside under kurs og konferansar her.

24.10.2017

Barnehagekonferansen RESPEKT!

Margreth Olin kjem til konferansen RESPEKT! som samlar 550 deltakarar i Ålesund

17.08.2017

Nytt til barnehagestart 2017

HER kan du finne kva som er nytt til barnehagestart 2017.

12.07.2017

Regionale konferansar - Ny rammeplan for barnehagen frå 01.08.2017

Kunnskapsdepartementet har fastsett ny rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Den nye rammeplanen gjeld frå 1. august 2017.