Barnehage

Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som gir barn gode høve for leik og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Utanom foreldrebetalinga er det kommunane som er ansvarlege for å finansiere barnehagane.

Fylkesmannen rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.

Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.

Vis meir


19.08.2019

Nytt til barnehagestart 2019

Her finn du nyttig informasjon om barnehagestart hausten 2019.

10.07.2019

Kandidatar til nytt FUG og FUB 2020-2023

Invitasjon til å kome med forslag til nytt foreldreutvalg for grunnopplæringa (FUG)  og nytt foreldreutvalg for barnehagar (FUB) 2020-2023

19.06.2019

Barnehagekonferansen 2019

Barnehagekonferansen 2019 i Møre og Romsdal blir arrangert i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

06.02.2019

Regionale møte 2019

Lysarka frå dei regionale møta på barnehage- og opplæringsområdet er no lagt ut.

10.12.2018

Nye retningsliner for mat og måltid i barnehagen

Nasjonal fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen erstatta IS-1484: «Retningslinjer for mat og måltider i barnehagen» fra 2007.

29.10.2018

Du og eg - barnehagekonferansen 2018

Scandic Parken i Ålesund 1. og 2. november - Fagleg møteplass for 500 barnehagelærarar -Kva barn lærer av vaksne er i stor grad avhengig av kva relasjon det er mellom dei. Tenkjer barnehagelæraren over kor viktig han er? Spør assisterande utdanningsdirektør, Maren Ørjasæter Aaland.

08.08.2018

Nytt til barnehagestart 2018

På Udir sine sider kan du finne meir informasjon om kva som er nytt til barnehagestart hausten 2018.

18.07.2018

Nasjonal bemanningsnorm i barnehagen er vedteken

Stortinget har vedteke ei nasjonal bemanningsnorm for barnehagar.  Norma skal innførast 1. august 2018, men det vert lagt opp til ei overgangsordning fram til 1. august 2019.

18.07.2018

Endring i forskrift om pedagogisk bemanning i barnehagen

Frå 1. august 2018 blir pedagognorma i barnehagen skjerpa. Den pedagogiske bemanninga i barnehagen er fastsett i forskrift om pedagogisk bemanning § 1.

04.07.2018

Barnehagekonferansen 2018

Den årlege barnehagekonferansen i Møre og Romsdal vert arrangert på Scandic Parken i Ålesund 1. og 2. november.

Fleire nyhende