Kartlegging av oppvekstkår

I dag var 22 kommunar samla for å sette igong kommunekartlegging 2015 for barn og unge i Møre og Romsdal. Føremålet er å få ei oversikt over dei samla oppvekstkåra deira.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.06.2015

Eivind Pedersen, leiar for "Sjumilssteget" i Troms inspirerte representantar frå kommunane i Møre og Romsdal til å gjere ein innsats for dei yngste innbyggjarane i fylket.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune har saman invitert kommunane til å delta på ei kommunekartlegging retta mot barn og unge mellom 0-20 år. Begge har eit ansvar for å arbeide for gode oppvekstkår for barn og unge i fylket.

I Kommunekartlegginga, har vi utarbeidd spørsmål som kan nyttast til å analysere levekår og tenestetilbodet i kommunane. Denne kan kommunane bruke til å vurdere kvaliteten på dei samla oppvekstkåra. Den gjer og kommunen i stand til å sjå i kva grad dei ulike tenestene samarbeider om å gi tilbod til barna og familiane deira.

Kommunane sitt ansvar for barn omhandlar heile barndommen. FN sin barnekonvensjon er grunnlaget for arbeidet, og skal sikre barn gode og trygge oppvekstkår og samanhengande tenester. Resultata av Kommunekartlegginga kan gi ein peikepinn på om kommunane oppfyller krava i barnekonvensjonen og kva dei kan gjere betre.