Hopp til innhald

Om satsinga

Fylkesmannens mangfaldige embetsoppdrag krev at vi løyser oppgåver knytt til målgruppa barn og unge på tvers av avdelingane. Med «barn og unge» tenker vi alle barn og unge frå 0 – 20 år.

«Betre oppvekst» er eit samordningstiltak for heile embetet og målet er at satsinga skal føre til at både det direkte og indirekte arbeidet retta mot denne gruppa skal blir meir heilskapleg og målretta. Barn og unges oppvekstvilkår skal kort sagt vurderas i alle avgjerder og all aktivitet hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fire strategimål

Det er utarbeidd fire strategimål som satsinga «Betre oppvekst» skal bygge vidare på for å trygge barn og unge sin oppvekst. For å kome fram til dei fire strategimåla  har vi tatt utgangspunkt i mellom anna FN sin barnekonvensjon, Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin strategiplan, embetsoppdraget og nasjonale føringar frå fleire departement. Dei fire måla er:

  • - sikre medverknad
  • - betre det fysiske oppvekstmiljøet
  • - betre det psykososiale oppvekstmiljøet
  • - redusere dei negative konsekvensane av sosiale skilnader