Sunnmørsheimen - tilsyn

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn på Sunnmørsheimen den 02 – 04 mai 2018. Det vart ikkje avdekt brot på lovkrava i dette tilsynet.

I landsomfattande tilsyn på barneverninstitusjonar i 2018 undersøker fylkesmennene både om barna får forsvarleg omsorg og at forebygging, gjennomføring og oppfølging av tvang blir utført i samsvar med lovreglane. I tilsynet på Sunnmørsheimen har Fylkesmannen både intervjua barn i institusjonen, tilsette på alle nivå og gått gjennom dokumentasjon. Institusjonen har gjennomgått ein omfattande omstillingsprosess der ein har hatt stort fokus på å forebygge bruk av tvang. Fylkesmannen fann i dette tilsynet at det var stort samsvar i informasjonen som vart formidla.