Barnevern 2012

 

Barnevern2012- Møre og Romsdal - stabilitet i talet på saker

Halvårsrapportar til fylkesmannen om stoda i barnevernet viser stabile tal. Sjølv om barneverntenesta er blitt styrka med øyremerka midlar blir ikkje saksbehandlingsreglane haldne. Stortinget har løyvd midlar til ytterlegare styrking for 2013. Fylkesmannen skal fordele 13,1 stillingar og 1,7 mill kroner til kompetanse og samhandlingstiltak til kommunal barnevernteneste.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.03.2013

 

Det kom inn 2235 meldingar til barnevernet i 2012, om lag det same som året før (2216). Det vart gjennomført 1877 undersøkingar. Av desse var det fristbrot i 17 %. Andel fristbrot gjekk dermed ned med 3 prosentpoeng i høve til året før (20%).

Ved årsskiftet var 435 barn under omsorg av barnevernet i Møre og Romsdal. Dette er 17 fleire enn på same tidpunkt i fjor. På same tid var det 1898 barn med hjelpetiltak – 6 færre en året før. Ved årskiftet var det 23,2 % av born med hjelpetiltak som mangla tiltaksplan og 15,7 % av born under omsorg som mangla omsorgsplan.

Samanlikna med landet for øvrig har barnevernet i Møre og Romsdal større andel fristbrot; større andel born med tiltak manglar plan for tiltaket, og det er fleire saker pr tilsett i barneverntenesta.

Det kommunale barnevernet har i 2011 og 2012 blitt styrka med øyremerka statlege midlar til 23,6 stillingar. Ved årsskiftet var det såleis 184,2 fagstillingar  og 17,25 merkantile stillingar i kommunal barnevernteneste i heile fylket. Sjølv om tenesta er blitt styrka er det framleis store manglar ved saksbehandlinga.

Dette går fram av rapport for andre halvår i 2012 om barnevernverksemda i kommunane i Møre og Romsdal. Rapporten er laga på bakgrunn av innrapportering frå alle kommunane i fylket til Barne,  likestillings og inkluderingsdepartementet.

 

Rapporten er lagt ut på www.fylkesmannen.no (Møre og Romsdal)

For meir informasjon og spørsmål, kontakt :

seniorrådgivar Eli Karin Walle – telefon 71 25 84 58

 

FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL

HELSE OG SOSIAL AVDELINGA

Tel  71 25 84 43