Barnevern

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Fylkesmannen.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker etter forslag frå kommunen.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Fylkesmannen behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Fylkesmannen fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Fylkesmannen.

Du kan klage

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie di meining om det barnevernet gjer sånn at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. 

Vi jobbar med å utvikle enkle løysingar for å seie frå. Inntil vidare ber vi deg ta kontakt med Fylkesmannen der du bur. Treng du nokon å snakke med NO? Ring Alarmtelefonen på 116 111.

Vis meir

Telefon for barn og unge

Fylkesmannen ønskjer å ha direkte kontakt med barn og unge i barnevernet i tilsynsarbeidet.

Barn i barnevernet kan ta direkte kontakt med barnevernsgruppa hos Fylkesmannen på telefonnr: 47 69 05 00. Telefonen er betjent i arbeidstida mellom kl. 08:00 - 15:30.

Til dette nr. kan barn både sende SMS eller ringe. Vi vil ringe tilbake om nokon tek kontakt utenfor arbeidstida.

  Kontaktpersonar


20.03.2017

Tilsyn med meldingar til barnevernet i Møre og Romsdal

I 2015 og 2016 har Fylkesmannen i Møre og Romsdal ført tilsyn både med korleis barneverntenestene arbeider med meldingane til barnevernet og korleis meldarane får tilbakemelding. Dette har vore ein del av eit landsomfattande tilsyn.

06.07.2016

Barnevernet – plassar i institusjon

Fylkesmannen fører tilsyn med alle barneverninstitusjonar i fylket. Pr. dags dato er det 57 plassar i institusjon i Møre og Romsdal.

07.04.2016

Barnevern på fleire språk

Barne,- ungdoms- og familiedirektoratet har laga brosjyrer med informasjon om barnevernet på 11 språk.

07.04.2016

Oppreisingsordning for tidlegare barnevernsbarn

Barn som vart plassert i barneheim og spesialskular før 01.01.93 som vart utsett for overgrep og omsorgssvikt der, kan søke om oppreising.

07.04.2016

Pålegg om hjelpetiltak i barnevernet

Frå 1. april 2016 har fylkesnemnda fått utvida mulegheit til å pålegge barn og familiar ulike hjelpetiltak i barnevernet.

15.02.2016

Bur du på barnevernsinstitusjon? Slik når du oss!

Bur du på barnevernsinstitusjon og vil bruke klageretten din? Du kan nå oss på telefon og e-post.

05.11.2014

FNs barnekonvensjon fyller 25 år

FNs barnekonvensjon fyller 25 år 20. november. Dette blir markert med ei nasjonal jubileumskonferanse.

27.03.2014

Pressemelding - styrking av kommunal barnevernteneste i Møre og Romsdal 2014

Fylkesmannen har fordelt 7,4 nye stillingar til barnevernet i kommunane. Tidlegare (i 2011, 2012 og 2013) er det fordelt 36,5 stillingar. Stillingane er finansiert gjennom øyremerka statlege midlar til styrking av det kommunale barnevernet. Fylkesmannen mottok søknader om 18,6 stillingar – meir enn dobbelt så mange som det var midlar til.

31.10.2013

Barnevernskonferansen 2013

Kursdokumentasjon frå Barnevernkonferansen i Geiranger 2013 finn du i menyen til høgre.

21.03.2013

Barnevern 2012

  Barnevern2012- Møre og Romsdal - stabilitet i talet på saker Halvårsrapportar til fylkesmannen om stoda i barnevernet viser stabile tal. Sjølv om barneverntenesta er blitt styrka med øyremerka midlar blir ikkje saksbehandlingsreglane haldne. Stortinget har løyvd midlar til ytterlegare styrking for 2013. Fylkesmannen skal fordele 13,1 stillingar og 1,7 mill kroner til kompetanse og samhandlingstiltak til kommunal barnevernteneste.