Barnevern

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernsområdet.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker etter forslag frå kommunen.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Fylkesmannen fører tilsyn og er klageinstans

Fylkesmannenfører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Fylkesmannen behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Fylkesmannen fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Fylkesmannen.

Vis meir

Telefon for barn og unge

Fylkesmannen ønskjer å ha direkte kontakt med barn og unge i barnevernet i tilsynsarbeidet.

Barn i barnevernet kan ta direkte kontakt med barnevernsgruppa hos Fylkesmannen på telefonnr: 47 69 05 00. Telefonen er betjent i arbeidstida mellom kl. 08:00 - 15:30.

Til dette nr. kan barn både sende SMS eller ringe. Vi vil ringe tilbake om nokon tek kontakt utenfor arbeidstida.

  Kontaktpersonar


27.02.2019

Telefon for barn og unge

Fylkesmannen ønskjer å ha direkte kontakt med barn og unge i barnevernet i tilsynsarbeidet.  

26.02.2019

Akuttberedskap i barneverntenestene

Satsinga i 2018 har gjeve resultat!

08.08.2018

Endringar i barnevernslova frå 1. juli 2018

Barnevernslova er endra for å betre rettstryggleiken til barn og foreldre. Lova gir barn rett på tenester, styrka medverknad og kjærleik kjem inn i lovteksten.

19.06.2018

Sunnmørsheimen - tilsyn

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn på Sunnmørsheimen den 02 – 04 mai 2018. Det vart ikkje avdekt brot på lovkrava i dette tilsynet.

24.05.2018

Fagdag akuttberedskap i barnevernet

Den 11. september 2018 – Hotell Alexandra - Molde

01.03.2018

Tilsyn i barneverninstitusjonar

Fylkesmannen sin årsrapport om tilsyn på barneverninstitusjonar

27.02.2018

Nye spennande vidareutdanningar i barnevernet

Frå hausten 2018 kan du velje mellom fem ulike vidareutdanningar innan barnevern som du kan søkje om tilskudd til

21.11.2017

Bruk av private aktørar i barnevernet

Barne- og likestillingsdepartementet har nå avklara korleis kommunane kan nytte private aktørar på barnevernfeltet på ein lovleg måte.

20.03.2017

Tilsyn med meldingar til barnevernet i Møre og Romsdal

I 2015 og 2016 har Fylkesmannen i Møre og Romsdal ført tilsyn både med korleis barneverntenestene arbeider med meldingane til barnevernet og korleis meldarane får tilbakemelding. Dette har vore ein del av eit landsomfattande tilsyn.

06.07.2016

Barnevernet – plassar i institusjon

Fylkesmannen fører tilsyn med alle barneverninstitusjonar i fylket. Pr. dags dato er det 57 plassar i institusjon i Møre og Romsdal.

Fleire nyhende