No sender vi digital post i Møre og Romsdal. Kva bør du gjere?

Frå våren 2018 skal alle breva frå oss til privatpersonar, organisasjonar og private verksemder i Møre og Romsdal sendast digitalt. Har du hugsa å opprette ein digital postkasse?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.04.2018

Heile 67 000 dokument gjekk ut eller inn hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2017. Det meste av dette var vanleg brevpost. Frå våren 2018 skal alle brev sendast digitalt frå oss.

På landsbasis sender det offentlege ut rundt åtte brev per innbyggar i året. Det svarar til 40 millionar brev. Å senda desse breva kostar 400 millionar kroner årleg. Dette er pengar som kan brukast til andre viktige ting.

Kva bør du gjere?

For privatpersonar:

For å ta i mot ei digital sending må ein ha ei digital postkasse.  Om lag 1,8 millionar innbyggarar har oppretta ein slik. Med digital postkasse får di ei sikker løysing for å ta i mot og lagre (arkivere) viktig post digitalt. I tillegg kjem svaret raskare når du slepp å vente på postgangen.

Fylkesmannen kan ikkje sende sensitiv e-post til ein e-postkonto av omsyn til informasjonssikkerheit. Med ei digital postkasse blir informasjonssikkerheita ivareteke.

For offentlege og private verksemder:

Offentlege verksemder som har integrasjon med SvarInn eller eFormidling vil få elektroniske sendingar frå Fylkesmannen direkte inn i sitt sak- og arkivsystem. Dersom ein ikkje har desse vil dei elektroniske dokumenta komme fram til verksemda sin meldingsboks i Altinn (knytt til organisasjonsnummeret). Private verksemder vil få dei elektroniske dokumenta i sin meldingsboks i Altinn.

Som privatperson har du to digitale alternativ å velje mellom:

 

e-Boks eller Digipost

Enten opprettar du ein digital postkasse hos e-Boks eller Postens Digipost. Det er heilt opp til deg. Fordelane for deg er mange:

  • Du mottar posten med ein gong
  • Du har tilgang til posten over alt
  • Du sparer miljøet (mindre papirbruk, færre      utskrifter og redusert transportbehov)
  • Både du og vi sparer porto på å velja digital      post.

Har du alt digital postkasse?

Viss det er lenge sidan du har logga deg inn, er det lurt å gjera det no for å:

  • Sjekke at kontaktinformasjonen din er rett
  • Bestille varsling på SMS eller e-post når du      får brev frå det offentlege

 

Kan du sende digitalt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal?

Ja. Den sikraste og føretrekte måten du tar kontakt med oss på, er å bruka eit digitalt meldingsskjema, «Send sikker melding».

Du loggar inn via ID-porten, eit felles og sikkert innloggingssystem for offentlege tenester. Fordelen er at du kan sende (person)sensitiv informasjon gjennom denne løysinga. I tillegg handterer systemet store vedlegg.

Dersom det ikkje er sensitiv informasjon, kan du sende oss ein epost til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no .

 

Separasjon, skilsmisse eller mobbing?

Det er verdt å merke seg at det finst digitale løysingar for det meste. Skal du til dømes melda frå om mobbing i skulen? Skal du søke separasjon eller skilsmisse? Det finst eigne digitale skjema for dette. Alle desse skjemaa er samla i ein felles portal. Merk at det finst eigne digitale løysingar som gjeld verjemål.

 

Får du ikkje brev frå oss på papir?

Jo, det gjer du viss:

Systemet vårt er lagt opp slik at dersom du har digital postkasse, sender vi til denne adressa. Har du det ikkje, kjem brevet som vanleg brevpost.