Forenkling av byggereglane - likevel ikkje fritt fram

Frå 1. juli i år vert byggereglane enklare ved at fleire mindre byggetiltak blir unnateke frå søknadsplikt etter plan- og bygningslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.06.2015

Dette kjem både sjølvbyggaren og dei profesjonelle føretaka til gode.

For dei minste byggetiltaka blir det no mindre kommunal saksbehandling, og det er lagt meir ansvar over på den som skal bygge. Til no har mange av dei små byggetiltaka vore omfatta av dei sama saksbehandlingsreglane som dei store tiltaka.  

Forenkla byggesaksprosess

Tradisjonelt er både regulering og bygging underlagt ein omfattande prosess etter plan- og bygningslova. Vi er vane med at kommunane som bygningsstyresmakt gjer ei omfattande og skikkeleg saksbehandling før byggetiltaket blir godkjent med eit byggeløyve. I denne saksbehandlinga ligg det det òg innebygde rettstryggleiksgarantiar som sikrar at naboane  har rett til å bli varsla, og rett til  å klage på byggeløyvet til fylkesmannen, som gjer ei ny vurdering av saka. Når det no opnast for at det det kan byggast utan denne kommunale saksbehandlinga, endrar dette på ansvarstilhøva. Ansvaret for at bygget er i samsvar med regelverket blir no plassert på den som skal bygge.   

Sjølv om kommunen ikkje skal behandle dei minste sakene,  er det likevel ikkje slik at det er fritt fram å bygge, og det viktig å sette seg inn i kva ein faktisk kan bygge utan å måtte søke. Den som skal bygge må derfor finne ut kva for arealplanar som gjeld for området. Dette kan anten vere kommuneplanen sin arealdel eller ein reguleringsplan. I ein slik plan kan det mellom anna vere reglar om utnyttingsgrad, byggehøgde, byggegrenser, storleik på garasjar med vidare. På same måte må den som skal bygge også ta omsyn til anna relevant regelverk som til dømes veglova og kulturminnelova, som òg kan sette grenser for kva som kan byggast på eigedomen.

Med desse endringane får såleis utbyggar eit større ansvar for å sjå til at tiltaket vert oppført i samsvar med gjeldande regelverk.

 

Unntak frå søknadsplikt og nabovarsel

Når det for desse tiltaka ikkje er søknadsplikt, er det heller ikkje krav om å sende ut formelt nabovarsel, og nabo vil heller ikkje ha rett til å klage. Dette til trass for at nokre av tiltaka kan plasserast nærare nabogrensa enn fire meter. Omsynet til naboane kan difor i nokon grad bli utfordra. 

Sjølv om bygninga ikkje er søknadspliktig, må det sendast melding til kommunen når denne er ferdig oppført, slik at bygningen kan bli teikna inn på kommunen sitt kartverk.

Dei viktigaste tiltaka som frå 1. juli er fritatt frå søknadsplikt er:

-          Frittliggande bygning på inntil 50 m2

-          Tilbygg på inntil 15m2

-          Reparasjon av bygningstekniske installasjonar

-          Levegg

-          Mindre støttemur

-          Mindre fylling eller planering av terreng

 

Vi vil særleg rette merksemda på to aktuelle endringar:

Frittliggande bygning på inntil 50 m²

Frittliggande bygning på inntil 50 m2 er unnateke søknadsplikt. Dette gjeld berre dersom eigedomen er bygd på frå før, til dømes at det allereie er oppført eit bustadhus. Bygningen kan plasserast inntil 1 meter frå nabogrensa og må plasserast minst 1 meter frå anna bygg på eigedommen. Den kan ha ei maksimal mønehøgde på 4 meter og maksimal gesimshøgde på 3 meter, og kan berre ha ein etasje. Bygningen skal ikkje innehalde bustadrom og skal ikkje nyttast til overnatting.  Eit slikt bygg kan til dømes vere garasje, uthus, reiskapsbod med vidare. Dersom reguleringsplanen til dømes set grenser for garasjestorleik på 40 m² vil dette gjelde framfor den generelle grensa på 50 m². Ønskjer ein å bygge større enn det planen opnar for må ein difor søke kommunen om dispensasjon.

Dette gjer at det no blir enklare og rimelegare å bygge ordinære garasjar og kommunen slepp å gjennomføre ordinær byggesaksbehandling for desse tiltaka.

Tilbygg på inntil 15 m²

Tilbygg på eksisterande bygning er fritatt frå søknadsplikt når tilbygget er under 15 m².  Det er viktig å merke at dette gjeld tilbygg på bakken, til dømes terrasse, ope overbygd inngangsparti, søppelskur, ved- eller sykkelbod med vidare. Tilbygget kan ikkje nyttast til bustadføremål. Det skal ikkje plasserast nærare nabogrensa enn 4 meter og med minst 1 meter frå anna bygg på eigedommen.

Fylkesmannen vonar at dei nye byggereglane vil bidra til ein meir effektiv ressursbruk og at det no vert enklare og rimelegare å føre opp mindre tilbygg.

 

Forventningar og vidare oppfølging

Regelverket kan likevel for mange vere vanskeleg å sette seg inn i. Reguleringsplanar er ikkje alltid like klare og eintydige og dei må difor ofte tolkast. Dette er informasjon som for folk flest er lite kjent. Mange av kommunane sine arealplaner er lagt ut på kommunane sine heimesider, og finn en dei ikkje der kan ein kontakte kommunen for å få informasjon om kva for plan som gjeld for eigendomen. Fylkesmannen er opptatt av at utbyggarane kjenner til kva som ligg i ansvaret dei no har fått. Dersom ein er usikker rår fylkesmannen til at ein tek kontakt med kommunen før ein går i gang.  

Kommunane vil nok no i starten kunne oppleve at rettleiinga  om dei nye reglane vil auke. Vi er trygge på at kommunane i Møre og Romsdal løyser denne rettleiinga på ein god måte.

Når regjeringa no gjer det enklare og rimelegare å bygge, viser dette ein stor tillit til at folk greier å handtere desse sakene utan kommunal saksbehandling.  Det er då viktig at utbyggarane viser seg denne tilliten verdig. Konfliktpotensialet i høve naboane er til stades, og det ligg eit stort ansvar på utbyggar – som nyt godt av denne forenklinga – om å ta tilbørleg omsyn til naboane. Det vil vere uheldig om denne forenklinga påfører kommunane mykje ekstra arbeid med å handtere konfliktsaker mellom naboar. Fylkesmannen oppmodar difor tiltakshavar om å ta ein prat med naboen før ein går i gang med bygginga.

Ein utfyllande rettleiar om dei nye byggereglane, ligg på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet http://dibk.no.