Fagdagar – samtale med barn

Fylkesmannen og RVTS (Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging – Region Midt) har arrangert to tverrfaglege fagdagar om å samtale med barn om vald og seksuelle overgrep.

Det var stor interesse for fagdagane og 166 deltok i Ålesund den 20. april og 117 i Kristiansund den 21. april.

Dette er eit tema som er svært relevant for alle som arbeider direkte med barn både i barnehage, skole, PP-teneste, helsestasjon, skolehelseteneste og barnevernsteneste. Vi veit at det er fleire som gjerne vil få denne opplæringa og vil arrangere ein ny fagdag i haust.

Opplæring om dette temaet vil også bli følgt opp med andre kompetansetiltak framover. Informasjon om dette kjem etterkvart!

På denne lenka finn du tre filmar som vart brukt i undervisninga på fagdagane.
Dei omhandlar:

  • Normalhjernen
  • Den traumatiserte hjernen
  • Når alarmen tar styringen