Plankonferanse på Seilet

4.-6. november arrangeres felles konferanse om planlegging, bumiljø og folkehelse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2014

 Konferansen arrangeres på Rica Seilet i Molde, og er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal,  Møre og Romsdal fylkeskommune, og KS.  Den årlege plankonferansen er slått saman med ein workshop i samfunns- og kommuneplanlegging i eit helseperspektiv. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt økonomisk tilskott til plankonferansen. Workshopen vert finansiert av KS.

Bukvalitet og oppvekst er hovudtema. Temaet vil mellom anna bli knytt til trafikktryggleik, planlegging for sykkel, nærmiljøkvalitetar, medverknad frå barn og unge og bustadstrategiske tiltak i bygd og by. Konferansedelen vert avslutta med eit kurs om støy i regi av Sweco AS. Parallelt med kurset om støy vil vi invitere barnerepresentantane til eit dialogmøte og folkehelsekoordinatorane til eit metodekurs.

Workshopen tredje dag er ei oppfølging av dagskurset som vart arrangert i Kristiansund og Molde våren 2014 og vil dreie seg om folkehelse, statistikk og plan.