Feira Barnekonvensjonen

4. klasse ved Sellanrå skole opna fylkesmannens jubileumsfeiring av Barnekonvensjonen på Hotel Alexandra i Molde torsdag 20. november.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.11.2014

4.klassingene sang av full hals og med masse glede og laga ei perfekt opning av feiringa.
- Barna kjenner ingen grenser. Dei bryr seg ikkje om kommunegrenser eller kor rådhuset ligger. Unge menneske ser  menneskjene rundt seg, og orienterer seg etter det. De ser vennene sine, sa fylkesmann Lodve Solholm i sin opningstale.

Det er  25 år sidan FN si generalforsamling ratifiserte Barnekonvensjonen som skal sikre barns tryggheit og rettigheter over heile verden. Gjennom denne jubileumsfeiringa ønskjer Fylkesmannen å gje barn og unge sine oppvekstvilkår enda større merksemd, og vise at Barnekonvensjonen må og skal nyttast om vi skal ha barn og unge sitt beste i fokus.

Solholm minnet om det ansvaret vaksne har som forbilde for barna.
-  I det siste har det vært mange stygge mobbesaker i avisene. Det er trist lesing. Men er det anna å vente? Når vi ser kva vi vaksne gjer mot kvarandre i sosiale media, i bloggar, i avisenes kommentarfelt og i tv-program. Vi vaksne må begynne med oss sjølv, sa Solholm.

Nærare 100 representantar frå forskjellege organisasjonar og offentlege etatar deltok på feiringa.