Konferanse om kjønnslemlesting og tvangsekteskap

Kjønnslemlesting og tvangsekteskap er eit svært alvorlig problem som vi må sette meir fokus på. Derfor er eg glad for at vi har fått i stand ein konferanse som denne, seier fylkesmann Lodve Solholm.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2014

16. og 17. september arrangerast konferansen «Ære og makt i grenseland» i Ålesund. Konferansen sett fokus på æreskultur, æresrelaterte handlingar generelt, og spesielt på kjønnslemlesting og tvangsekteskap.

Fylkesmann Lodve Solholm vil opne konferansen.

-Mitt ønske er at konferansen bidrar til at vi får økt kompetansen og får delt erfaringar på dette vanskelege området. Då kan vi igjen få betre samarbeidsrutinar mellom dei etatar og organisasjonar som arbeider med denne problematikken. Eg ser på det som heilt nødvendig,  seier Solholm.

Blant foredragshaldarane på konferansen er  forskar Ragnhild Elise Johansen frå Norsk  kunnskapssenter for vold og traumatisk stress. Gunnar Svensson frå politidirektoratet vil legge fram oppdatert statistikk og erfaringar frå politiet. Leiar Cecilie Teunissen ved Krisesenteret for Sunnmøre vil gi eit innblikk i fire historier frå sin kvardag, medan jurist Anders Skorpen-Trøen frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal orienterer om lovverk og samhandling.

Det er Fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag som arrangerer konferansen, i samarbeid med IMDI, Bufetat og Regionalt ressurssenter for vold og traumatisk stress.

 Konferansen blir halde på Rica Parken Hotell i Ålesund, 16. og 17. september.

Presse og media er velkomne til konferansen.

 Vedlagt er programmet for konferansen.

Dokument