Tilskot til kompetanseutvikling i omsorgstenestene

Kompetanseløftet 2015- tilskot 2014. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har etter søknad delt ut kr. 5 527 983 til kommunane. Kompetanseløftet har som mål å skaffe tilstrekkeleg personell og nødvendig fagkompetanse til dei kommunale omsorgstenestene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.06.2014

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har for 2014 ei ramme på ca. 9,4 mill. kroner knytt til Kompetanseløftet 2015. Midlane blir fordelt som tilskot til kommunane i samsvar med dei nasjonale måla.

Det er 33 av 36 kommunar som har søkt om midlar for 2014. I denne første tildelinga, prioriterer vi tiltak som gjev formell kompetanse og som er i gang, eller som er avklart når det gjeld kandidatar og oppstart. Vi har også i år halde attende ein liten del av ramma. Dersom det blir starta opp utdanningstiltak i løpet av hausten, som vil gje formell kompetanse, men som det ikkje er gjeve tilskot til, kan det fremjast ekstra søknad.

Kommunar som ikkje har fått tilskot, av ulike årsaker, kan søkje på nytt til hausten.

Frist for slik ekstra søknad er 1. september