Send inn forslag på kandidatar til Omsorgsprisen 2014

Fylkesmannen sin omsorgspris blir tildelt ein kommune eller ei kommunal tenesteeining for eit spesielt arbeid eller tiltak som har ført til betre omsorgstenester for brukarane. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2014

Alle kan sende inn forslag til Omsorgsprisen 2014, om du er tilsett, pasient, pårørande, eller på anna vis har kjennskap til gode tiltak i kommunen. Det er viktig at dei gode eksempla frå kommunane i Møre og Romsdal blir lyfta frem.

Omsorgsprisen 2014 er eit trykk av Gunn N. Morstøl og gåvesjekk på kr.10 000. I år vil i tillegg to personar frå vinnarkommunen få vere med på studietur 13.10 -15.10.2014 til demenslandsbyen i De Hogeweyk, nær Amsterdam.

Vinnar av omsorgsprisen 2014, vil få prisen overrekt på årets omsorgskonferanse "Framtida- neste stopp", som vert arrangert i Ålesund 25. og 26.september.