Talet på plassar i sjukeheim må tilpasses behovet

Fylkesmannen ser i kommunale planar og omstillingsnotat at enkelte kommunar viser til ein statleg norm for sjukeheimsdekning på 25 % av talet på eldre 80 år og over. Ei slik statleg norm eksisterer ikkje. Ein dekningsgrad på 25 % manglar også eit fagleg belegg og blir spesielt vanskeleg når den blir brukt til å berekne plassbehovet i enkeltkommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.01.2014

 Det har frå regjeringa si side aldri blitt vedteke ei norm eller minimums dekningsgrad for plassar verken i sjukeheim eller omsorgsbustadar.