Overformynderia vert lagt ned - Fylkesmannen overtek

- Eg kjenner meg trygg på at denne reforma vil komme dei svakaste i samfunnet til gode, seier fylkesmann Lodve Solholm, som er klar til å ta på seg den nye oppgåva frå første juli.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.06.2013

Første juli trer den nye verjemålslova i kraft. Dette har verknad for ca 2500 personar i Møre og Romsdal. Dei kommunale overformynderia vert lagt ned, og fylkesmannen tek over som lokal verjemålsstyresmakt.   

Kvalitetsreform:

Å legge verjemålsoppgåva til fylkesmannen sikrar ei meir profesjonell saksbehandling. Føremålet er å styrke rettstryggleiken til dei som ikkje fullt ut kan ivareta sine eigne interesser. Det er mi målsetting at fylkesmannen blir ein god støttespelar for verja i Møre og Romsdal. Verja vil no få tilgang på den fagkompetansen som er i mitt embete.

Haldningsreform:

Alle menneske har evne til å ha rettigheiter og plikter, men ikkje alle har dei fysiske eller mentale føresetnadene for sjølv å stifte rett eller pådra seg ansvar.  Då treng dei hjelp frå ein oppnemnd verje. Denne reforma prøver å endre haldninga frå å velje på vegne av andre, til å støtte andre i sine val. Det å styrke kvaliteten i verjemålsarbeidet og auke rettstryggleiken for dei som er underlagt verjemål, ser eg på som ei stor vinning, seier Solholm.  

390 millionar kroner i Møre og Romsdal.  Det er fylkesmannen som no skal passe på formua til dei som er under verjemål. For den enkelte gjeld dette midlar over kr 165 000 kr (2x folketrygdens grunnbeløp).

Einslege mindreårige asylsøkjarar. Desse borna har kome til Noreg utan foreldre, og er svært sårbare. Eg vil ha særleg merksemd på at interessene til desse borna blir godt tatt vare på. Vi skal oppnemne representantar som skal ivareta deira interesser so lenge dei er på asylmottak i fylket.

Verja gjer ein viktig jobb. Dagens hjelpeverja gjer ein særs viktig jobb, og er den viktigaste suksessfaktoren for at reforma blir vellukka.  Framleis er det slik at den største gruppa av verje blir rekruttert frå den næraste familie, men bruken av faste verjer vil nok auke. Vi har og fått klarare reglar om godtgjersle for verjeoppdraga. Dialogen med verjene i fylket har i planleggingsfasen vore svært god, og eg ser fram til samarbeidet med verjene i tida framover.

For fylkesmannen er dette ei ny og spanande oppgåve, og vi er godt budd på oppgåva, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Kontaktpersonar hos fylkesmannen er:

Sjå elles faktaark i høgremargen.