Framlegg til endring i fisketider for kilenotfiske

Direktoratet for naturforvaltning (DN) opna for utvida sjølaksefiske i området innafor Krifast i 2012. I følgje fangststatistikken blei det fanga betydelege mengder med laks i dette området i fjor. Etter DNs vurdering er det ikkje tilrådeleg å behalde den gjeldande fisketida i dette området før dei har tilstrekkeleg kunnskap om kva for bestandar som inngår i dette fisket. På bakgrunn av dette foreslår DN fisketid 1.7-29.7.

I løpet av sesongen 2013 vil DN innhente nødvendig kunnskap om kva for bestandar som blir beskatta i det ovannemnde området.

Framlegget er sendt på høyring. Informasjon i saka ligg óg på DN si heimeside under høyringar (www.dirnat.no).

Fråsegn sendast DN innan 1. april 2013 pr post til Direktoratet for naturforvaltning, pb 5672 Sluppen, 7485 Trondheim eller pr e-post til postmottak@dirnat.no.