Fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar 31.mai-01.juni 2017

Dato:
31. mai 2017 - 1. juni 2017
Stad:
Sagafjord Hotell, Sæbø i Ørsta
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Justis og beredskap.avd
Målgruppe:
Kommunale beredskapsmedarbeidarar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til årleg fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar.

Publisert 20.04.2017

Tid: 31.mai - 01.juni 2017

Stad: Sagafjord Hotel på Sæbø i Ørsta kommune

Vi har lagt opp til erfaringsdeling og relativt romsleg med tid slik at det er plass til å ta inn eit tema eller to til, andre dagen - dersom nokon har gode forslag eller erfaringar ein vil dele. Uansett kan vi garantere eit par dagar med passeleg mengder fagleg påfyll, inspirasjon og nettverksbygging - i flotte, sunnmørske omgjevnader.

Økonomi: Fylkesmannen dekkjer ein del av kostandane, men det blir også fakturert ein eigendel på inntil kr 2.000 i etterkant av samlinga. Denne kan bli lågare, men neppe mykje under kr 1.500.

Av plassomsyn kan vi garantere sengeplass til ein deltakar frå kvar kommune. Hotellet har 40 rom. Fleire deltakarar er velkomne så langt det er plass. Førstemann til mølla.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 10.mai 2017.
Påmeldingsskjema finn du lenger ned på sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 99.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på skjermen og på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Programmet vil bli lagt ut her på denne sida på eit seinare tidspunkt.