Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tidsfristar ved verjemålseininga før samanslåing med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane


I samband med samanslåinga med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vert sakshandsamingssystemet verjemålseininga nyttar (VERA) ute av drift frå cirka 21. desember til 4. januar.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 13.11.2018

Vi råder deg til ikkje å sende søknader og meldinger via Altinn rett før og i dagene når sakshandsamingssystemet er nede.

Tida frå 1. desember vil vi fokusere på å byggje ned restanser. Dersom du veit du skal søkje Fylkesmannen i Hordaland om noko og vonar svar før nyttår, bør du sende oss søknaden så snart råd er og ikkje seinare enn 1. desember.

Sjølv om du sender søknad til Fylkesmannen i Hordaland før 1. desember, gjer vi merksame på at vi må gjere prioteringar fram til nyttår. Vi kan difor ikkje garantere at saka vert handsama før nyttår sjølv om du sender søknad til oss før 1. desember.