Vi treng deg som verje i Sunnhordaland!

Fylkesmannen har behov for fleire verjer i Sunnhordland og då spesielt på Bømlo, Stord og Kvinnherad. Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har lyst til å gjere noko for andre.

 

Dei som treng hjelp til å ivareta eigne interesser, anten økonomisk eller på annan måte, kan få oppnemnt verje. Verja tek i vare interessene til personen i samarbeid med den det gjeld.

 

Kva krevst for at du kan bli oppnemnt som verje?

Du må vere eigna for det aktuelle oppdraget. Vi legg mellom anna vekt på om du er flink til å handtere utfordringar, har kjennskap til regelverk og offentlege instansar, er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre.

Du må ha god vandel, og må legge fram politiattest. I tillegg vil Fylkesmannen gjere ei kredittvurdering og gjennomføre ei samtale med den som vil vere verje på telefon.

Verjeoppdraga er ulike. Vi har difor behov for å komme i kontakt med personar med ulik bakgrunn, utdanning og erfaring.

 

Opplæring og oppfølging

Fylkesmannen sørgjer for nødvendig innføring i oppdraget ut frå innhald og omfang, og skal sjå til at du utfører vervet på ein forsvarleg måte.

Ved gjennomføring av vervet skal du rådføre deg med Fylkesmannen når du har behov for det. Dette er særs viktig dersom du er i tvil, og før du tek store avgjerder som betyr mykje for den som har verje. Slik unngår du å ta avgjerder som ikkje let seg gjennomføre eller kan medføre ansvar. Fylkesmannen gir også rettleiing om kvar du bør vende deg, dersom det du lurer på ligg utanfor Fylkesmannen sitt kompetanseområde.

Ta kontakt med Fylkesmannen for nærare informasjon, dersom du trur du kan bidra for andre ved å vere verje. Du kan lese meir om ordninga her: http://vergemal.no/Snarveier/

Kontaktpersonar