Har fastlegar ei sjølvstendig meldeplikt etter verjemålslova?

Fastlegar har ikkje plikt til å melde frå om ein person har behov for verje. Fastlegar kan likevel søke om verjemål for pasientar.

Etter verjemålslova paragraf 57 har institusjonar og ansvarleg for kommunen si sosialteneste og helse- og omsorgsteneste utanfor institusjon, plikt til å melde frå til Fylkesmannen dersom ein pasient har behov for verjemål. Justis- og beredskapsdepartementet har i brev av 24.januar 2018 presisert at denne meldeplikta ikkje gjeld for fastlegane. Heile brevet frå departementet finn du oppe til høgre.

Etter verjemålslova paragraf 56 har likevel behandlande lege og tilsynslege ved helseinstitusjon rett til å søkje om oppretting av verjemål for pasienter. Søknadar om oppretting av verjemål skal rettast til Fylkesmannen.

 

Kontaktpersonar