Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Verjemål

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Fylkesmannen er førsteinstans på verjemålsområdet. Det vil seie at det er Fylkesmannen du skal kontakte om du, eller nokon som står deg nær, treng verje. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.

Vil du bli verje?

Det er ulike typar verjer:

  • Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
  • Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
    • viss du er forelder til vaksne barn
    • viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
    • viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
  • Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.

Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Fylkesmannen avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Fylkesmannen tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.

 

Vis meir


28.12.2018

Godt nyttår!

Vi ønskjer alle verjer og verjehavarar eit godt nyttår.

13.11.2018

Tidsfristar ved verjemålseininga før samanslåing med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

I samband med samanslåinga med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vert sakshandsamingssystemet verjemålseininga nyttar (VERA) ute av drift frå cirka 21. desember til 4. januar.

05.11.2018

Open dag om framtidsfullmakter

Den 6. desember (frå klokka 09:00 til 15:45) inviterer vi til open dag om framtidsfullmakter på Statens hus i Bergen.

13.07.2018

Betydning av samtykkjekompetanse: Praksisendring i verjemålssaker

Etter ei praksisendring i verjemålssaker vil den verjetrengjande sin vilje få avgjerande betydning for om det kan opprettast ordinært verjemål, også dersom vedkommande manglar samtykkjekompetanse.

30.04.2018

Verjerekneskap 2017 må sendast innan 30. april 2018

Fristen for å sende inn verjerekneskap for 2017 er 30. april 2018. Fylkesmannen har 29.01.2018 sendt ut brev til alle verjer som står oppført med rekneskapsplikt i vårt register.

25.04.2018

Alternativ innsending av verjerekneskap

Fylkesmannen i Hordaland har motteke melding om at nokon verjer har opplevd problem med innsending av verjerekneskap gjennom Altinn.

23.04.2018

Informasjon om tilgang til skattemelding og frådrag for verjegodtgjering

Her finn du nyttig informasjon om korleis du skal få tak i skattemeldinga for den du er verje for. Du kan òg lese om korleis du fører frådrag for verjegodtgjering i skattemeldinga.

19.04.2018

Spørjeundersøking for verjer

No kan du gje tilbakemelding om korleis det er å vere verje og kor nøgd du mellom anna er med kommunikasjonen med Fylkesmannen.

16.02.2018

Informasjon om alternativ til verjemål

Verjemål skal berre opprettast dersom det er behov for det, og om det finst mindre inngripande hjelpetiltak enn verjemål, skal dette veljast. Det finst ei rekkje tiltak utanom verjemålsordninga. Fylkesmannen har laga eit informasjonsskriv over nokon av dei.

13.02.2018

Fråtaking av rettsleg handleevne

Etter verjemålslova av 2010 kan det opprettast to ulike typar verjemål: Ordinære verjemål eller verjemål som omfattar fråtaking av personen si rettslege handleevne.

Fleire nyhende