Rapport tilsyn Lindås kommune, Nordhordland legevakt

Ved tilsynet vart det avdekt manglar som medfører høg risiko for svikt.

Rapporten omtaler funn innan dei områda tilsynet omfatta og gir ikkje ei fullstendig framstilling av legevaktordninga. Vi påpeika tre avvik frå krav i helse- og omsorgslovgjevinga:

1. Lindås kommune sikrar ikkje at alt personalet i legevaktordninga har nødvendig kompetanse. Det er ikkje lagt til rette for regelmessig samtrening og øvingar.

2. Lindås kommune sikrar ikkje at turnuslege alltid har lege i bakvakt som kan rykkje ut umiddelbart når det er nødvendig.

3. Rutinane for dokumentasjon av pasientopplysningar ved Nordhordland legevakt er mangelfulle og inneber for høg risiko for svikt i pasientbehandlinga.

Kommunen har fått korte tidsfristar for informere om kva som blir gjort for å endre praksis.

 

Dato:
29. november - 1. desember
Stad:
Lindås kommune
Ansvarleg:
Helse- og sosialavdelinga

Kontaktpersonar