Tilskot til symjeopplæring

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan søkje Fylkesmannen om tilskot for 2017. 

Fylkesmannen i Hordaland lyser med dette ut tilskotsmidlar for symjeopplæring til barn i barnehagar. Fylkesmannen har fått ei ekstrabevilgning på 460 250 kroner for 2017. 

Tilstrekkeleg symjedugleik

Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn. Målet er å gi barn betre symjedugleik.

Vilkår for tilskot

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og i basseng. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar relatert til symjeopplæring av barna. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod. Ein kan søkje om tilskot for eitt kalenderår om gongen.

Organisering

Tilskotsmottakarane vel korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Kommunar og frivillige organisasjonar må sjølve dekkje kostnader ut over tilskotet.

Søknad om tilskot

Kommunar og barnehagar vert oppmoda om å samarbeide internt og å sende felles søknad til Fylkesmannen.  Organisasjonar søkjer direkte til Fylkesmannen.

Adresse for søknaden: Fylkesmannen i Hordaland, Bergen.

Send e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no  

Søknaden må innehalde :

-          kor symjeopplæringa skal skje

-          kor mange barn som skal delta 

-          kor mange timar symjeopplæring

-          sjølve opplegget for symjeopplæringa

-          reiseutgifter og eventuell pris ved leige av symjehall

-          søknadsbeløp

-          kommunen/organisasjonen sitt organisasjonsnummer, kontonummer og adresse 

Behandling av søknader

Midlane blir utbetalt fortløpande etter at Fylkesmannen har behandla søknaden.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2017  rapportere til Fylkesmannen om bruk av midlane. Rapporten skal innehalde informasjon om kor mange barn (gutar og jenter) som deltok frå kommunale og ikkje-kommunale barnehagar og kor mange timar det er brukt på symjeopplæringa totalt.  

Søknadsfrist:
29.09.2017 00:00:00
Målgruppe:
Barn i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i alderen 4-6 år
Ansvarleg:
Utdanningsavdelinga
Kven kan søkje:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar
Rapporteringsfrist:
01.12.2017 00:00:00

Kontaktpersonar

Dokument