Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane

Tilskot frå kapittel 762 post 64 er eitt av tiltaka i Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017-2019 og skal stimulere til å utvikle og styrkje dei kommunale tenestene.

På sikt skal kommunane overta fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta og hovudtyngda av habiliterings- og rehabiliteringsinnsatsen skal skje i kommunane.

Korleis søkje

Klikk på lenka for å søkje: søknadsskjema Styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane 

https://edoc.fylkesmannen.no/eDocument.Viewer/FMHO/HSA_RH

Mål

Styrking av tenestene i tråd med Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017-2019 og i samsvar tilrådingar i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator.

Utfordringane er omtalte i stortingsmeldinga «Fremtidens primærhelsetjeneste», kapittel 21.

Delmål

  • Styrkje pasientar og brukarar sine vilkår for å oppretthalde og eller gjenvinne  fysisk, sosial og eller psykiske meistringsevne.
  • Førebyggje og utsetje behov for kompenserande tenester.
  • Sikre at dei kommunale tilboda dekkjer befolkninga sine behov når det gjeld fagleg innhald, kvalitet og kapasitet, jamfør Meld. St. 26 (2024-2015), med hovudvekt på kapittel 21.
  • Styrkje samarbeidet med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta og andre sektorar i og utanfor kommunen.
  • Sikre at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan og koordinator.
  • Sjå til at koordinerande eining samordnar tenestene på tvers av fag, nivå og etatar.

Tildelingskriterium

Tildelinga av tilskot skjer etter ei skjønnsmessig vurdering. Vi vurderer venta måloppnåing i søknaden opp mot måla for tilskotsordninga og om søknaden viser

  • at tiltak for utarbeiding eller oppdatering av kommunens plan for habilitering og rehabilitering er omtalt
  • korleis kommunen sikrar at tilbodet er i samsvar med befolkninga sine behov
  • korleis tiltaket skal bidra til å oppfylle krava og tilrådingane i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator og kriteria for måloppnåing under punkt 3 i regelverket for tilskotsordninga
  • korleis kommunen samarbeider med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta og aktørar utanfor helse- og omsorgstenesta
  • at koordinerande eining er sentral i planarbeidet og at søknaden er forankra på rådmannsnivå

I tillegg til dei særskilte krava i regelverket for ordninga, er det også lagt til grunn kommunal eigenfinansiering. Tilskotet skal gå til stimulering av opptrappinga i kommunen, og det må gå fram av finansieringsplanen for tiltaket korleis kommunen vil styrkje eller omstille habiliterings- og rehabiliteringstenestene. 

Midlar til fordeling i 2018

Fylkesmannen i Hordaland får om lag kr 8 500 000 til fordeling.

Rapportering og regelverk

Krav til rapportering og rapporteringsfrist går fram av tildelingsbrevet.

 

 

Søknadsfrist:
06.03.2018 07:00:00
Målgruppe:
Pasientar og brukarar med nedsett funksjons- og meistringsevne som kan ha nytte av habilitering og rehabilitering. Tilbodet må samsvare med breidda i behov for sosial, psykososial og medisinske habilitering og rehabilitering.
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Kommunane i Hordaland
Rapporteringsfrist:
01.03.2019 00:00:00