Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt

Tilskotet skal styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg, bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir ivaretekne.

Kommunar som søker i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, skal sende søknadsskjema til Fylkesmannen i Hordaland som vedlegg til e-post på fmhopostmottak@fylkesmannen.no. Det same gjeld rapportering på eige skjema i etterkant. Skjema finn du under "Dokument".

Sjå under "Kontaktpersonar" for å kome i kontakt med Fylkesmannen. Du kan også kontakte Regionalt kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i fylket for råd og rettleiing.  

Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentra for lindrande behandling og Fylkesmannen. Søknader blir handsama innan 15. mai 2018. Klikk her for meir informasjon om ordninga: Kompetansehevende tiltak for lindrende behandling og omsorg ved livets slutt

Desse kommunane fekk tilskot etter ordninga i 2017. 

Søknadsfrist:
01.03.2018 23:59:00
Målgruppe:
Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
01.04.2019 23:59:00

Kontaktpersonar