Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2018

De kan no søkje om tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstiltak.

Tilskotet for heile landet i 2018 er 17,8 millionar kroner. Det er førebels ikkje kjent kor mykje Hordaland får tildelt dette året. I 2017 fekk Hordaland 1 000 000 kroner til fordeling.

Målet for tilskotsordninga

Tilskotsordninga skal stimulere til oppretting og utvikling av kommunale kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod  som bidreg til å fremje fysisk og psykisk helse, førebyggje sjukdom, og til at brukarane lærer seg å meistre livet med sjukdom og til betre ressursutnytting av samla innsats i helse- og omsorgstenestene. Tilskot til etablering av nye frisklivssentralar blir prioritert. Søknaden må vere underskriven av rådmannen eller tilsvarande og må innehalde:

  • Opplysningar om tiltak det blir søkt om tilskot til og kva som er føremålet.
  • Det må gå fram korleis brukarmedverknad skal gjennomførast i planlegging og drift. Det skal også leggjast vekt på likemannsarbeid.
  • Budsjett som viser kva utgifter det er rekna med til det aktuelle tiltaket, kor mykje kommunen sjølv eventuelt vil løyve og kor mykje det blir søkt om frå Fylkesmannen.
  • Ved interkommunalt samarbeid må vi få dokumentasjon for det forpliktande samarbeidet mellom samarbeidskommunane.
  • Namn på kontaktperson i kommunen, eventuelt referansenummer og kontonummer for innbetaling.
  • Send søknaden til fmhopostmottak@fylkesmannen.no.
  • Merk søknaden med vårt referansenummer: 2017/15630
  • Bruk helst mal for søknad som de finn under overskrifta "Dokument".

Dersom tilskotet ikkje blir nytta i samsvar med føremålet, vil vi krevje pengane tilbake. Dei som fekk tilskot i 2017, må levere rapport og rekneskap for dette seinast 31. mars 2018. Overførte midlar frå tilskot i 2017 blir trekt frå tilskot i 2018.

Regelverk for tilskotsordninga

Søkjarane må gjere seg kjende med regelverket for tilskotsordninga. Vi viser også til presisering av vilkår for tilskot til kommunale frisklivssentralar, sjå under fana "Dokument". Tildeling av tilskot er ikkje eit enkeltvedtak. Det er ikkje klagerett etter forvaltningslova paragraf 28.

Søknaden skal sendast som e-post til vårt postmottak innan 1. mars 2018. Adressa er fmhopostmottak@fylkesmannen.no

Søknadsfrist:
01.03.2018 23:59:00
Målgruppe:
Kommunar i Hordaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Hordaland
Kven kan søkje:
Kommunar i Hordaland
Rapporteringsfrist:
31.03.2019 23:59:00

Kontaktpersonar