Tilbod til menneske med langvarige og eller samansette behov - kap 765 post 60

Tilskot frå kapittel 765 post 60 skal bidra til å styrkje tilbodet til personar med langvarige og samansette behov for tenester ved å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar. Ordninga skal også bidra til utvikling av heilskaplege og samtidige tilbod til utsette barn og unge.

Les regelverket for tilskotsordninga nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.

Sjå særleg kapittel 4 med informasjon om prioriterte tiltak, opplysningar om tilskot og overgangsreglar.

Søknadsskjemaet og regelverket for tilskotsordninga finn de under fana «Dokument». De kan også lese om tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.

Søknaden med vedlegg skal sendast som e-post til vårt postmottak innan 20. mars 2018. Adressa er: fmhopostmottak@fylkesmannen.no

Merk søknaden med vår referanse 2018/2659.

Søknadsfrist:
20.03.2018 23:55:00
Målgruppe:
Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og/eller rusmiddelproblem og barn og unge med psykiske/rusrelaterte problem og lidingar
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Hordaland
Kven kan søkje:
Kommunar, statlege føretak (f.eks. RHF/HF) og kommunar og helseføretak i lag
Rapporteringsfrist:
01.04.2019 00:00:00

Kontaktpersonar