Regionale miljøtilskot

Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til at kulturlandskapet i Hordaland vert halde i hevd og at jordbruket vert drive på ein miljømessig forsvarleg måte. Det er høve til å søkje frå 01.08.2017

Regionalt Miljøprogram gjev miljøtilskot til kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og tilskot for reduksjon av utslepp til vatn og luft. Ordningane er stort sett uendra frå sist søknadsomgang med unntak av tilskot til kystlynghei, som har fått eit eige tilskot til brenning av lyng i samband med tradisjonell skjøtsel av kystlyngheia.

Tilskot til organisert beitebruk, som er ein del av Regionalt miljøprogram har søknadsfrist 15.november.

 Les meir her

 

Søknadsfrist:
20.09.2017 23:59:00
Målgruppe:
Landbruksføretak
Ansvarleg:
Kommunane
Kven kan søkje:
Føretak som har rett på prodsuksjonstilskot