Tilskot til kommunalt rusarbeid 2018

Tilskot til kommunalt rusarbeid frå kapittel 765 post 62 skal bidra til varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem. Det er eit prioritert mål å styrkje brukar- og pårørandeperspektivet i tenestene.

Søknadsfristen er 1. mars 2018. Nytt i år er at vi ønskjer at kommunane som søkjer tilskotet, nyttar elektronisk søknadsskjema.

Les regelverket for tilskotsordninga nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.

Regelverk for tilskotsordninga finn de under fana «Dokument». De kan og lese om tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.

Om søknaden

Kommunen skal så langt det er mogeleg søkje samla om tilskot i same skjema uansett kvar i organisasjonen stillingane er tenkt forankra. Dette inneber at kommunen må koordinere dei ulike tenestene som søkjer om tilskot over denne ordninga. Anna ordning for innsending av søknad må avtalast særskilt.

Kommunen skal gi ei samla framstilling av rusmiddelsituasjonen i kommunen, med vekt på utfordringar og kva tenester som det er behov for å styrkje, jf. søkndsskjemaet del 2.

Ved samarbeid med andre aktørar (private, frivillige, ideelle), skal kommune søkje og er økonomisk og administrativt ansvarleg overfor Fylkesmannen.

Ved interkommunalt samarbeid skal ein av kommunane søkje på vegne av samarbeidspartnarar.

Prioriteringar 2018

  • Nye kommunar skal prioriterast inn i ordninga
  • Stillingar for personar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar
  • Oppsøkjande tverrfaglege behandlings- og oppfølgingsteam
  • Oppfølgingstenester i bustad, bustad med bemanning
  • Arbeidsretta tiltak og eller aktivitetstilbod
  • Tidleg intervensjonstiltak med barn og unge og eldre som prioritert målgruppe
  • Lågterskeltenester

Finansiering

Tilskotsordninga er tidsavgrensa frå og med 2017. Tilskot blir gitt til lønn til stillingar i inntil fire år, med ei gradvis nedtrapping. Utrekning av tilskot tek utgangspunkt i 100 prosent stillingsressurs. Ved reduksjon i stillingsprosent, blir tilskotet tilsvarande redusert.

Kommunen må sjølv finansiere lønnsutgifter som overstig tilskotet og auke eigenfinansiering i takt med avkorting av tilskotet. Kommunen må sørgje for ei gradvis innarbeiding av stillingar i kommunens økonomiplan slik at auka kapasitet i tenestene blir av varig karakter. Det er venta at kommunane nyttar auka rammeoverføringar i opptrappingsplanen for rusfeltet til å styrkje tenestene til målgruppa, jf. brev frå helseminister Høie og kommunalminister Sanner til alle  ordførarane med ref. 15/3976.

Viktig informasjon til kommunane som fekk tilskot til kommunalt rusarbeid i 2017

  • 15. februar 2018 er fristen for rapportering på bruken av tilskot i 2017.
  • Helsedirektoratet har utarbeidd questback og sender denne direkte til kommunane.
  • Kommunane må sende rekneskap og revisorattestasjon for tilskot i 2017 direkte til Fylkesmannen.

 

Søknadsfrist:
01.03.2018 23:30:00
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Kommunane

Kontaktpersonar